Åseral
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
![]() |
![]() |
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1026 |
Fylke: | Vest-Agder |
Administrasjonssenter: | Kyrkjebygd |
Flatevidd: | 888 km² |
Folketal: | 894 (2006) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.aseral.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Jørgen Åsland (TbÅ) 2003 |
Åseral er ein kommune i Vest-Agder fylke. Kommunen grensar til Hægebostad og Kvinesdal i vest, til Aust-Agder fylke i nord og aust og til Audnedal i sør. Åseral vart oppretta som eigen kommune i Aust-Agder fylke i 1837. I 1880 vart kommunen overførd til Vest-Agder. Åseral er ein kommune med store hei- og fjellområde. Jord- og skogbruk er viktige næringar og 23% av de sysselsette arbeider i desse primærnæringane. Turisme er eit satsingsområde i kommunen med tre hytteområde og tre alpinsenter: Bortelid, Ljosland og Eikerapen. Desse områda er i sterk utvikling med stor byggeaktivitet.
Den øvre delen av Mandalsvassdraget ligg i Åseral og har tre hovudløp: Skjerka, Monn og Logna. Desse møtest i vatnet Øre. Frå utløpet av Øre er namnet Mandalselva.
Åseral er ein vasskraftkraftkommune med fleire damanlegg og fem kraftverk: Håverstad, Logna, Skjerka (gamal/ny) og Smeland. Dei har ein samla produksjon årleg på 1 522 GWh.
[endre] Bakgrunnsstoff
|
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |