Alvøy i Øygarden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alvøy er namn på ei øy i Øygarden kommune i Hordaland fylke. Øya ligg nordvest for Bergen, ut mot havet vest av Hjeltefjorden. Tjeldstømarka, utmarka til garden Tjeldstø, ligg på Alvøy. I 1995 vart 1061 dekar verna som våtmarksområde. På vestsida av Rotevatnet ligg eit fugleobservasjonshus.
Alvøy eller Alvøyna er òg namn på ei øy i Raunefjorden i Fjell kommune i Hordaland.
Desse to øyane ligg berre få mil frå kvarandre og frå Bergen sentrum. Det har forekomme skjebnesvangre forvekslingar i det redningsmannskap har drege til feil Alvøy på søk etter skipbrotne.