ARBC-våpen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
ARBC-våpen (tidlegare kalla ABC-våpen) er eit samleomgrep brukt om dei fire hovudgruppene av «utradisjonelle» våpentypar: atomvåpen, radiologiske våpen, biologiske våpen og kjemiske våpen. Forkortinga «ABC» kjem frå dei engelske orda for desse våpna: Atomic, Biological, Chemical. Slike våpen er laga for å drepa eit stort tal menneske, gjerne sivile.
ARBC er eit eige militært fagfelt. I Noreg rettar faget seg berre mot tiltak ein set i verk når ein vert angripen med desse stridsmidla.
[endre] Omgrepet
På engelsk og i NATO har uttrykket NBC, der N står for Nuclear, i stor grad teke over for ABC. Dei siste åra er også omgrepet masseøydeleggingsvåpen (engelsk Weapons of Mass Destruction eller WMD) blitt mykje brukt for å omtale denne typen våpen.
Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over militærspirer. |