Chavín
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chavín er den eldste «høgkulturen» ein kjenner i Andesområdet. Han er datert til perioden 1000-300 år f.Kr., det vil seie i «tidleg horisont». Kulturen har fått namn etter Chavín de Huantar, der ein har gjort rike funn frå denne kulturen. Chavín de Huantar, som ligg nord for Lima, var senter og kultstad for chavínkulturen.
Kulturen utvikla sin eigen kjennelege stil i handverk. Påverknaden har rekt langt og stilen er kjent frå mange arkeologiske funn i Peru. Gjenstandar i funn inkluderar tekstilarbeid, metallarbeid, keramikk og religiøse gjenstandar.
Utviklinga av to nye byar, Nazca i sør og Mochica (Moche) i nord, førte etter kvart til at chavínkulturen mista styrke og forsvann.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |