Geopotensiell høgd
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Geopotensiell høgd er eit vertikalt mål på høgda over midla havnivå der ein bruker variasjonen av gravitasjonen med breiddegrad og høgd i stadenfor geometrisk høgd som er høgda i meter over havet. Vanlegvis brukar ein geopotensiell høgd om høgda mellom overflata og opp til eit visst trykknivå.
I den geometriske høgda h er geopotensialet definert som
der g(φ,z) er tyngdeaksellerasjonen, φ er breiddegraden og z den geometriske høgda.
Altså er dette den potensielle energien per masse i dette nivået. Den geopotensielle høgda er
der g0 er standard tyngdeaksellerasjon ved midla havnivå.
Meteorologar brukar ofte den geopotensielle høgda i stadenfor geometrisk høgd, fordi dei analytiske utrekningane ofte blir enklare. Til dømes kan dei primitive likningane, som numeriske vêrmodellar løyser, uttrykkast lettare ved å bruke geopotensiell høgd i stadenfor geometrisk høgd. Ved å bruke geopotensiell høgd fjernar ein sentrifugalkrefter og lufttettleik (som er vanskeleg å måle) i likningane.
Eit plott av geopotensiell høgd for eit enkelt trykknivå viser tråg og ryggar, høgtrykk og lågtrykk. Den geopotensielle tjukkleiken mellom to trykknivå - til dømes skilnaden i den geopotensielle høgda mellom 850 hPa og 1000 hPa - er proporsjonal til den midla virtuelle temperaturen i laget. Ein kan bruke geopotensielle høgdekotar til å rekne ut den geostrofiske vinden, som er sterkare der kotane ligg nærmare.