GMC DUKW
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
GMC DUKW er en amfibisk lastebil produsert under den andre verdskrigen av den amerikanske lastebilprodusenten GMC. Kjøretøyet blir ofte bare referert til som DUKW, på engelsk fekk det tilnamnet «duck» på grunn av likheten med namnet.
Kjøretøyet er basert på lastebilen GMC ACKWX, ein frambygd versjon av den meir kjente GMC CCKW «gemsen». Motoren er ein 4,416 liters toppventilert rekkesekser som gir 91,5 hestar ved 2750 omdreiningar. Drivstoffet er bensin. Det var 9,3 m lang, 2,4 m brei og 2,6 m høg med presenningtaket oppe. Meir enn 21 000 blei produsert.
Modellnamnet stammar frå måten GMC namnsette modellane sine på denne tida:
- D = Fyrste produksjonsår: 1942
- U = Fleirbrukskjøretøy (amfibisk) (Utility vehicle)
- K = Framaksel med drift
- W = Tandemaksel bak (to bakakslar med drift)
Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over militærspirer. |