Guri Vesaas
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guri Vesaas (f. 13. januar 1939) i Vinje i Telemark) er ein tidlegare norsk forlagsredaktør. Ho var hovudansvarleg for forlaget Det Norske Samlaget si barnebokavdeling frå 1974 til 2006. Vesaas har særleg vore oppteken av å gje ut barnebøker med kunstnarlege og litterære kvalitetar. Gjennom aktive initiativ har ho fått i stand samarbeid mellom ei rekkje forfattarar, illustratørar og biletkunstnarar. På den måten har ho vore med på å støtte biletboksjangeren i Noreg og skape moderne barnebokklassikarar. I 1974 hadde ho permisjon frå forlaget for å arbeide som redaksjonssekretær i barnebladet Maurtua. Under psevdonymet Hanna Midtbø har ho sidan 1976 omsatt omkring 50 barnebøker til norsk. Det oppdikta etternamnet Midtbø er knytt til barndomsheimen i Vinje.
Ho har fått fleire prisar for arbeidet sitt. I 1987 og 1996 mottok ho Noregs Mållag sin Nynorsk barnelitteraturpris og i 2000 deira Målprisen. I 1996 fekk Guri Vesaas NBU-prisen, I 2004 Grafill sin Ord & Bilde-prisen for å ha fremja den gode biletboka, og i 2005 fekk ho Oversetterforeninga sin Bastianprisen for sin omfattande verksemd som omsetjar. Då ho gjekk av med alderspensjon i desember 2006 vart ho heidra med forlaget si julebok]] for 2006: Hanna Midtbø alias Guri Vesaas, med helsingar frå kollegaer og forfattarar.
Guri Vesaas er dotter av forfattarane Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas og litlesyster til NRK-journalisten Olav Vesaas.