Havsule
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Havsule |
||
Systematikk | ||
Rike: | dyr | |
Rekke: | virveldyr | |
Klasse: | fuglar | |
Orden: | Pelecaniformes | |
Familie: | Sulidæ | |
Slekt: | Morus | |
Vitskapleg namn | ||
Morus bassanus, [Sula bassana] |
Havsule (Morus bassanus, før Sula bassana) er ein stor sjøfugl i pelikanfamilien.
Havsula har torpedoforma kropp, lange smale vinger og eit dolkeaktig nebb som er godt til å fanga fisk med. Den voksne havsula kan bli opptil 87–100 cm lang og vega 2,5–3 kg. Vingespennet er 165–180 cm.
[endre] Skildring
Fuglane er kvite med svarte fjører ytst på vengene. Under hekkinga får hovudet og nakken gulaktige fjører. Unge fuglar er svarte dei første åra, men blir gradvis kvitare til dei får vaksen farge etter fem år.
[endre] Levevis
Havsula held til i Nord-Atlanteren og Middelhavet. Ho lever av fisk som ho speider etter frå høgder opptil 45 meter over havet. Når ho jaktar kan ho stupa ned mot fisken i opptil 100 km/t.
Havsula er ein god symjar, den einaste fuglen som har symjehud mellom alle dei fire tærne.
Havsuler hekker i tette koloniar i bratte klipper og skrenter. Dei hekker første gongen når deu er mellom 3 og 5 år gamle.
Fuglemora legg eitt kvitt, blåleg egg dekka av eit kalklag som delvis flassar av. Begge foreldra ruger. Ungfuglane dreg frå reiret når dei er omtrent 3 månader gamle.