Sitat:Hibakusha
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hibakushaer er det japanske ordet om folk som overlevde atombombene over Hiroshima og Nagasaki.
[endre] Sakue Shimohira
Ei veke seinare tok eg til å blø naseblod og fekk lilla flekkar i fjeset. Seinare hadde eg problem i underlivet og eggstokkane mine måtte fjernast. Syster mi, Ryoko, blei sjuk med eit blindtarmsproblem. Ho kunne ikkje dra til sjukehuset så det lukta vondt og råtna. Folk trudde det var ein sjukdom. Ho var 18 og elev på den vidaregåande skulen så ho var for ung til å gifta seg og alle vennene forlet henne. Ho mista håpet. Ho tok livet av seg på jarnbanelinja.
|
||
meir | liknande sitat |
Sakue Shimohira mista mora, broren og den eldre syster si i Nagasaki. Ho var 10 år då bomba fall. Ryoko var 8.
[endre] Suzuko Numata
Far hadde laga eit trebein til meg, og ein dag tvang han meg til å bli med han på jobben. Det var då eg såg aogiri-trea utanfor bygningen. Før bomba pleide me å sitja i skuggen av dei fire trea når me hadde pausar. Ryktene etter krigen ville ha det til at ingenting kom til å kunne veksa i Hiroshima på 70 år. Eg blei overraska då eg såg at det vaks opp friske spirer frå dei utbrente stamma til tre av trea. Eg tenkte med meg sjølv at dersom aogiri-trea klarte å overleva og stå på egne bein, kunne eg òg klara det. Trea ga meg styrke og energi til å ville leva.
|
||
meir | liknande sitat |
Suzuko Numata måtte amputera beinet ved hofta etter eksplosjonen. Ho hadde fleire operasjonar og var på sjukehuset i over eitt år.