Kim Dae-Jung
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kim Dae-jung (f. 6. januar 1926) er ein sør-koreansk politikar som sat som president i Sør-Korea frå 1998 til 2003. I 2000 mottok han Nobels fredspris for arbeidet sitt andsynes Nord-Korea.
Han har vore fengsla fleire gongar grunna arbeidet sitt i den demokratiske opposisjonen til det diktatoriske styret, mellom anna under styret til Park Chung Hee.
Som president gjennomførte han fleire økonomiske reformer i tråd med ynskjer frå Verdsbanken då landet var midt i den økonomiske krisa som råka Aust-Asia hardt. Han innførte og ein del forandringar som gjorde at dei store konglomerata, chaebol, vart meir ansvarlege og kutta ned på statlege subsidiar til desse.
Han fekk Nobelprisen for solskinspolitikken, eit forsøk på å betre det bitre forholdet mellom Nord- og Sør-Korea. Mange meiner no at denne politikken har slått feil. Konservative i Sør-Korea kritiserer Kim Dae-jung for solskinspolitikken so vel som for undergangen av fleire chaebol etter reformene hans.