Kystverket
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kystverket er ein norsk statleg etat under Fiskeri- og kystdepartementet. Kystverket har eit operativt ansvar for kystforvalting, sjøtryggleik og samferdsle på sjøen langs kysten av Noreg. Kystverket er organisert med eit hovudkontor i Ålesund (Kystdirektoratet), fem kystdistrikt med distriktskontor i Arendal, Haugesund, Ålesund, Kabelvåg og Honningsvåg og ei beredskapsavdeling i Horten.
Kystverket har 12 større farty som vert nytta til nybygging, vedlikehold og drift av fyrstasjonar, lykter, lanterner og merke langs kysten. Kystverket har ansvaret for lostenesta og Trafikksentralar.
Kystdirektoratet vart til i 1974 då Fyr- og merkevesenet, Losvesenet, og Hamnedirektoratet blei slått saman. I 1981 blei verksemda omforma til Kystverket, med Kystdirektoratet som hovudkontor. Frå 2007 skal heile verksemda bruka namnet Kystverket.[1]