Lime
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Limett |
||
Systematikk | ||
Rike: | Plantae | |
Klasse: | Magnoliopsida | |
Orden: | Sapindales | |
Familie: | Rutaceae | |
Slekt: | Citrus | |
Art: | C. aurantifolia | |
Vitskapleg namn | ||
Citrus aurantifolia |
Lime [lajm] eller limett (Citrus aurantifolia) er ei rund sitrusfrukt med gulgrønt skal.
[endre] Planten
Limett-treet kan bli opptil 5 meter høgt og får små kvite blomar som dei grøne limettfruktene utvikler seg frå. Fruktene har ein diameter på rundt 5 centimeter.
[endre] Bruk av limett
Frukta inneheld mykje C-vitamin. Ho har ein skarp syrleg smak som gjer seg godt i dressingar og andre tilleggsrettar. Limett kan syltast, smaksetta alkoholdrikkar som tequila, øl, margarita, mojito og Cuba libre eller pressast til utvatna jus.
Limett blir òg brukt i parfyme, aromaterapiprodukt og hudpleieprodukt.
[endre] Sjå òg
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |