Lost in the Andes
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lost in the Andes, på norsk kalla Eggemysteriet er mellom dei best kjende Donald Duck-historiane. Han vart skriven og teikna av Carl Barks og utgjeven i USA som Lost in the Andes i april 1949.
Teikneserien vart utgjeve i Noreg våren 1963, og vart mykje omtala grunna bruk av nynorsk i omsetjinga. Bladet Donald Duck & Co vert i Noreg utgjeve på bokmål, slik at innslaget av nynorsk vekte åtgaum. På eit vis gjekk Firkantfolket og eggemysteriet inn i den norske språkstriden. Av enkelte nynorskfolk vart det teke ille opp at nynorsk vart skildra som knapt skjønleg, og i tillegg knytt til eit merkverdig folk i avsidesliggjande strok. Slik kan ein seia at nynorsk vart låtteleggjort.
I ettertid har Eggemysteriet vorte ein teikneserieklassikar, som av lesarane vart kåra til den beste Donald-historia i norsk samanheng. I alle høve er det den mest omtala Donald-historia i Noreg.
[endre] Samandrag
I Andeby museum fell ein firkanta stein i golvet medan 4. assisterande vaktmeister Donald tørkar støv. Det syner seg at det ikkje er ein stein, men eit 100 år gamalt firkanta egg. Etter det ein veit om, kom «steinen» frå Andesfjella.
Donald og onkelungane Ole, Dole og Doffen dreg på ekspedisjon til dei inste avsidesliggjande Andesfjella. I ein djup dal legg dei merke til at det meste er firkanta. Brått kjem det ein merkjeleg person som syng. Han har firkanta hovud og firkanta nase. I den norske omsetjinga syng han På Vossevangen der vil eg bu, der veks det kløver yver heia. I den amerikanske versjonen syng han på sørstatshymna Dixie; Oh, ah wish ah was in Dixie! Hooray! Hooray!
I starten skjønar ikkje Donald gutane kva firkantmannen syng, men etter kvart skjønar dei at målforma er nynorsk med preg av «vossamaol». Det syner seg at professor Tron Dreyerdal budde i dalen frå 1863 til 1868. Han kom opphavleg frå Voss i Noreg, og lærde firkantfolket å tala nynorsk med vossasvip. I tillegg lærde han dei å setja pris på alt som har med Voss å gjera. Firkantfolket bur i den firkanta byen Gufseplassen.
[endre] Litteratur
- Gisle, Jon: Donaldismen : et muntert-vitenskapelig studie over Donald Duck og hans verden, Oslo 1973.
- Schetne, Heidi: Fra sørstatsdialekt til vossamaol, Bergens Tidende 12. juli 2003.