Lydopptak
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lydopptak.
Innhaldsliste |
[endre] Lydopptak, historisk utvikling
[endre] Opptak på voksrull og voksplate
Thomas Edison fann opp fonografen i 1877, og gjorde eit opptak av seg sjølv med barnerimet «Mary had a little lamb». Dei fyrste musikkopptaka vart ikkje laga før 1887-1888. Fonografen tok opp lyd direkte gjennom ei trakt, og lyden var skriven inn på voksrull (akustisk opptak). Ein rull kunne ta om lag 2 minutt.
[endre] Elektrisk opptak frå 1925
Eit stort gjennombrot var oppfinninga av elektrisk opptak, dvs av mikrofonen og forsterkaren. No fekk ein betydeleg betre kvalitet og frekvensspekter. Dei fyrste elektriske musikkopptaka kom ut på markedet i 1925.
[endre] Etter andre verdskrig
[endre] Vinyl
Fram til krigen vart platane laga med skjellakk, en type insektvoks importert frå India. Under krigen stoppa forsyningane opp, og ein vart nøydde til å finne ei anna løysing. Vinyl, eit plastmateriale, viste seg å ha mykje høgare kvalitet. Ein fikk mykje finare rillar. Platene fekk no meir plass (long playing - LP), meir enn 20 minutt på kvar side. Men viktigare var at med vinyl forsvann skrapinga frå dei gamle voksplatane.
[endre] Magnetisk lydband
Magnetisk lydband hadde vore i bruk sidan 1930-talet i filmindustrien. Under krigen hadde tyskarane utvikla ein type lydband med høg kvalitet, og lydband vart etter krigen standard som master for lydinnspelinger, medan ein framleis nytta LP-plater til kopiane. Kassettband kom i handelen frå 1966.
[endre] Stereo
Stereoopptak vart vanleg frå 1954.
[endre] Digitalt lydopptak
Digitalisering av lyd var noko ein forska på frå slutten av 1960-talet, i telefon og kringkasting. Den fyrste plateutgjevinga (på LP) som nytta ein digital master, kom i 1979. CD-plata kom til slutt i 1982, og tok over for LP-en.
[endre] Litteratur
- Day, Timothy: A century of recorded music: Listening to Musical History, Yale University Press, 2002.
[endre] Sjå òg
[endre] Ekstern lenke
Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over teknologispirer. |