Magnus IV av Noreg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magnus IV eller Magnus Sigurdsson den blinde levde om lag i tidsromet frå 1115 til 1139. Magnus den blinde var son av kong Sigurd I Magnusson Jorsalfare. Magnus den blinde var konge av Noreg i tidsromet frå 1130 til 1135. Harald IV Magnusson Gille var konge samstundes. Harald Gille lét Magnus IV verta teken til fange. I fangenskap vart Magnus IV kastrert og blinda.
I borgarkrigstida i Noreg var det fleire stridar mellom ulike kongsemne. Byrjinga på borgarkrigstida går attende til då Sigurd Jorsalfare døydde i 1130. Makta vart delt mellom tre søner som heldt kvar si hird. Nye kongsemne, som hevda å vera kongssøner, kom og gjorde krav på kongsnamn. Etter kvart utvikla stridane seg til open strid mellom ulike flokkar.
Magnus IV vart igjen konge i tida frå 1137 til 1139, men då samstundes med Sigurd Slembe og Sigurd II Munn.
Føregjengar: |
Etterfylgjar: |