Mandal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
![]() |
![]() |
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1002 |
Fylke: | Vest-Agder |
Administrasjonssenter: | Mandal |
Flatevidd: | 220 km² |
Folketal: | 14 069 (2006) |
Målform: | Bokmål |
Internettside: | www.mandal.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Åse-Lill Kimestad (Ap) 2003 |
Mandal er ein kystkommune i Vest-Agder fylke. Kommunen grensar i vest og nordvest mot Lindesnes, i nord mot Marnardal, og i aust mot Søgne.
Mandal fekk som ladestad eige formannskap og kommunalt sjølvstyre i 1837. Kommunen fekk bystatus i 1921. I 1964 vart kommunen slegen saman med Halse og Harkmark og Holum kommunar til Mandal kommune slik han er i 2005.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi

Mandal sentrum er ein typisk sørlandsby med mange kvitmåla trehus. Mandalselva deler byen i to før ho renn ut i havet. Ho er rekna som ei av dei beste lakseelvene i Noreg, og ein finn igjen tre laks som motiv i byvåpenet.
Kommunen har mange flotte strender, der Sjøsanden er den best kjente. I tillegg har Mandal ein stor skjærgård som er tilrettelagd for båtturistar.
[endre] Kultur
Lokalavisa i Mandal heter Lindesnes. Dette er ei lokal tabloidavis.
Mandal har eit fotballag som speler i 1. divisjon, Mandalskameratene.
I byen ligg ei gammal trekyrkje, bygd i empirestil.
[endre] Industri
Mandal har vore eit sentrum for utvikling og bygging av hurtigbåtar i Norge frå tidleg på 1950-talet. Det var Toralf Westermoen som starta dette arbeidet. Siden er det stadig blitt bygd og utvikla nye hurtigbåtkonsept i byen. For tida er Sjøforsvarets nye missiltorpedobåtar av Skjold-klassen under bygging i Mandal.
[endre] Kjente mandalittar
- Adolph Tiedemand (1814–1876), målar
- Olaf Isaachsen (1835–1893), målar
- Amaldus Nielsen (1838–1932), målar
- Johan Jørgen Broch Hagemann (1840–1919), lege
- Gustav Vigeland (1869–1943), bilethoggar
- Emanuel Vigeland (1875–1948), målar
- Ole-Johan Dahl (1931–2002), Norges første informatikkprofessor
- Michael Grundt Spang (1931–2003), forfattar og journalist
- Kjell Askildsen, (1929–), forfattar
- Janne Haaland Matlary, (1957–), professor i internasjonal politikk ved universitetet i Oslo og rådggjevar for Det pavelige råd for rettferdighet og fred og Det pavelige råd for familien.
[endre] Festivalar
- Skalldyrfestivalen, Festival for sjømat andre helga i august hvert år
[endre] Lag og organisasjoner
- Mandal Motorbåtforening,
[endre] Bakgrunnsstoff
- Kommunefakta Vest-Agder frå Statistisk Sentralbyrå
- Mandal kommune
- Detaljert statistikk for Mandal
- Webkamera fra elvepromenaden i Mandal
- Fædrelandsvennens Mandalsnyheter
- Kultur i Mandal på kart fra Kulturnett.no
|