Modale hjelpeverb
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Modale hjelpeverb er hjelpeverb som fortel kva haldning talaren har til innhaldet som er knytt til hovudverbet i setninga. Nokre av verba kan også bli brukt som hovudverb, då med ei litt anna tyding. Dei modale hjelpeverba i nynorsk er:
Hjelpeverb (infinitiv, presens, preteritum, perfektum partisipp) |
Døme på bruk som hjelpeverb | Døme på sjølvstendig bruk |
---|---|---|
burde el. byrje, bør, burde, burt | «det burde han tenkt på» | |
kunne, kan, kunne, kunna | «det kan gå bra.» | «ho kan alfabetet allereie» |
ljote el. lyte, lyt, laut, lote el. loti | «no lyt me visst gå» | |
mune, mun, munde, | «det munde vel henda» | |
måtte, må, måtte, måtta el. mått | «det måtte jo skje nett no» | |
skulle, skal, skulle, skulla | «en skulle vøri fire år i romjul» | |
tore, tør el. torer, torde, tort | «ho torer koma snart» | |
turve, tarv, turvte, turvt | «det tarv ikkje du bry deg om» | «eld han tarv som om kne kulsar» |
vilje, vil, ville, vilja | «ho vil gjera alle til lags» |
Dei modale hjelpeverba blir so å seia aldri brukte i infinitiv, so infinitivsformer som byrja, ljota og muna er sjeldsynte og lite kjende, medan kunna, turva og vilja som i visse tydingar er sjølvstendige verb, er meir tidsynte.
skulle | ville | måtte | kunne | burde | |
---|---|---|---|---|---|
påbod | Du skal legge deg | Vil du ha deg vekk! | No må du gå! | ||
oppmoding | Du skulle gjere deg likevel | Du må ikkje gløyme dette! | Du bør gå no | ||
lovnad | Eg skal gjere det for deg | Ho vil gjere det | |||
ønskje | Ho vil gjere det | Måtte det gå bra! | |||
vurdering | Ho skal vere flink | Det kan gå bra | Det bør gå bra. | ||
tru | Det vil nok gå bra | ||||
kunnskap / evne | han kan visst dette ut og inn. | ||||
løyve | Om eg så må seie. | No kan du gå. |
Verba som blir modererte av dei modale hjelpeverba står i infinitiv eller perfektum partisipp. Det er mogleg å argumentere for at konstruksjonar med modalt hjelpeverb pluss perfektum partisipp er eliptiske, dvs. Det burde han (ha) tenkt på..
Det er også andre måtar å uttrykke modalitet på. I nokre språk har verbet ein eigne bøyingskategori, modus, i andre språk, som norsk, kan tempus få modal funksjon.