Brukardiskusjon:Neitakk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
[endre] Velkommen!
Velkommen ombord, Neitakk! :-) Olve 2. nov. 2005 kl. 06:21 (UTC)
- Velkommen til Nynorsk Wikipedia! Flott at du lastar opp bilete! Vi treng gode illustrasjonar til artiklar o.l :-) / Kurtber™|Ordskifte 2. nov. 2005 kl. 09:14 (UTC)
[endre] Bilete lyt ha lisens
Fint at du vil vera med på å skaffe oss fleire bilete. Men det er lurt å hugse på to ting:
- Det er viktig å oppgje lisens. Om det er du sjølv som har teke bileta, så avgjer du sjølv kva lisens du vil bruke av dei vi godtek. I praksis er dette GFDL, CC-BY og PD. Om du ikkje har teke bileta sjølv, så er det viktig at du har godkjenning frå den som tok bileta til å laste dei opp (og du lyt dokumentere dette, t.d. med attergjeving av e-post eller brev frå opphavspersonen), og opphavspersonen bør krediterast (t.d. «fotografert av ...») med mindre denne personen ikkje vil ha namnet/pseudonymet sitt på trykk. Om bileta ikkje blir utstyrde med lisens, så kan vi ikkje behalde dei her, sidan vi er strenge på å unngå brot på opphavsrettlovane her. Eg har foreløpig sett opp eit lisens-ukjend-merke på dei tre bileta det er snakk om. Håpar du kan ordne opp i dette snart, så vi slepp å slette bileta! :] (Dei bileta det er snakk om er Fil:Bensinkrig.jpg, Fil:Aaboeby.jpg og Fil:Hamn1.jpg.)
- Den andre tingen det er lurt å tenkje på er at bileta du lastar opp her berre kan sjåast på Nynorsk Wikipedia. Om du i staden lastar opp bileta på Commons, så kan bileta brukast av alle wikipediaene som finst! Mykje meir solidarisk og arbeidssparande, ikkje sant? :-)
Tips til opplasting av bilete finn du her.
-- Olve 2. nov. 2005 kl. 06:32 (UTC)
- Det kunne òg vore interessant og visst kvar til dømes Fil:Hamn1.jpg er teke. Dette kan du opplyse om på sjølve filsida. --EIRIK\diskusjon 2. nov. 2005 kl. 07:21 (UTC)
Godt jobba! No har me flotte bilde som i tillegg har skikkeleg lisens. Alle fryder seg. -- Ranveig 3. nov. 2005 kl. 09:37 (UTC)