Nordag
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordag var eit føretak under andre verdskrig, som hadde til føremål å byggja ut aluminiumsindustri i område kontrollert av Tyskland. Det tyske selskapet Nordische Aluminium Aktiengesellschaft (Nordisk aluminium aksjeselskap), kalla Nordag, vart oppretta mot slutten av 1940 i Berlin. Kapital til opprettinga kom for det meste frå Luftfahrtsministerium. Det tyske flyvåpenet Luftwaffe trengde aluminium til produksjon av fly. Nordag sette i gong prosjekt ymse stader i Noreg, der det var rik tilgjenge på vasskraft. Det vart sett i gong bygging av ymse vasskraftverk, for å få elektrisk kraft til smelteverka. Industriprosjekt vart sett i gong i Årdal, Glomfjord, Odda, Herøya og Sauda. Prosjekta vart i liten grad ferdige før krigen slutta.
[endre] Lenkjer ut
- A/S Nordag 1941-1945 på http://www.riksarkivet.no
- Nordag i Norsk krigsleksikon
![]() |
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |