Radiobølgjer
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Radiobølgjer er elektromagnetiske bølgjer med bølgjelengde frå over 10.000 meter til 1 millimeter. Radiobølgjer vert brukt til trådlaus overføring av informasjon.
Ei radiobølgje blir laga når eit ladd objekt akselererar med ein frekvens som ligg innanfor radiofrekvensdelen av det elektromagnetiske spekter. Når ei radiobølgje går gjennom ein leidning, forårsakar denne ei elektrisk spenning som kan bli omforma til lyd eller andre signal som inneheld informasjon. Radiobølgjer kan sendast forbi horisonten fordi dei vert reflektert av elektrisk lada luftpartiklar i termosfæren
Den aller fyrste bodskapen som vart overført ved radiobølgjer vart ført tvers over Atlanterhavet i 1901. Det var Guglielmo Marconi frå Italia som fekk til å kommunisere ved hjelp av radiobølgjer.