Reidar Djupedal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reidar Djupedal (1921 - 1989) var professor i nordisk språk og litteratur ved NTNU. Djupedal er spesielt kjend for arbeidet sitt med Ivar Aasen, m.a. gav han ut Aasens brev og dagbøker ut i tre band, og i lag med Johannes Gjerdåker gav han også ut Aasens Norske ordsprog, og skreiv eit langt etterord til dei. Aasen-samlinga til Djupedal ligg på Aasentunet. Djupedal skreiv også mykje om færøysk språk og om målreisinga på Færøyane, han skreiv om Aasmund Olavsson Vinje og Dølen, og han skreiv om norske folkeeventyr og om lyrikk. Han var og oppteken av å gje Olea Crøger den merksemda ho fortende i innsamlingsarbeidet med norske folkeeventyr.
Djupedal var filolog snarare enn lingvist, og såg granskinga av språk, litteratur og historie som ein heilskap.
Reidar Djupedal er far til Øystein Djupedal.
[endre] Bibliografi (utval)
- Djupedal, Reidar: Knud Leem og hans "Beskrivelse over Finmarkens lapper". Heimen XI, s. 308-315, 449-473.
- Djupedal, Reidar 1952: Eitt sindur um V.U. Hammershaimb. Ringkjøping, 1952. 112 s.
- Djupedal, Reidar 1957-1960: Brev og dagbøker / Ivar Aasen. Oslo : Samlaget, . 3 bind.
- Gjerdåker, Johannes og Djupedal, Reidar 1982: Norske ordsprog / Ivar Aasen. Voss : Vestanbok forlag. 366 s.
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |