Sauda-streiken 1970 - Streik!
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sauda-streiken 1970 - Streik!, eller berre Streik! er ein norsk film frå 1975. Filmen tek utgangspunkt i streiken mellom omnshusarbeidarane på Sauda Smelteverk den 2. juni 1970. Romanen Sauda! Streik! frå 1972 av Tor Obrestad skildra streiken, og filmen byggjer mykje på romanen.
Innhaldsliste |
[endre] Streiken
240 omnhusarbeidarar gjekk til streik ved smelteverket som fram til 1977 heitte Electric Furnace Products Company og var utanlandsk eigd. Streiken vara i fem veker utan stønad frå fagforbund og Landsorganisasjonen. Trass i dette fekk arbeidarane gjennom fleire av krava sine. Streiken vart kjend over heile landet. Konflikta vart heitare då det vart kjend at streikeleiaren var kommunist.
[endre] Filmfakta
Regi: Oddvar Bull Tuhus Lengd: 97 min
[endre] Sjå òg
[endre] På verdsveven
- Om Streik! på imdb.com
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |