Static Wikipedia February 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu

Web Analytics
Cookie Policy Terms and Conditions Spansk grammatikk - Wikipedia

Spansk grammatikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spansk er eit språk med temmeleg mykje bøying. Det har to kjønn og eit verb har om lag femti bøyingsformer i båe modusane, men ingen kasus og ei avgrensa pronomenbøying.

Det kongelege spanske språkakademiet (La Real Academia Española) har vanlegvis fastsett reglane for det spanske språket, men sidan 1960-talet har det mista mykje av vørdnaden sin. Denne artikkelen gjer først greie for dei formelle standardreglane i spansk grammatikk, og deretter i detalj avvik frå desse reglane, som ein kan finna i lokale eller kvardagslege variantar av språket.

Innhaldsliste

[endre] Verb

Kjem seinare.

[endre] Substantiv

[endre] Kjønn

Alle spanske substantiv høyrer til eitt av to grammatiske kjønn: hannkjønn (maskulinum) eller hokjønn (femininum). Dei fleste adjektiva og pronomena, og alle artiklane og partisippa som står til eit substantiv, viser til kjønnet til substantivet.

I setninga "Store bord er finare", må ein i den spanske omsetjinga, Las mesas grandes son más bonitas, nytta ord som samsvarar med kjønnet til substantivet. Substantivet, mesa ("bord"), er hokjønn på spansk. Difor må artikkelen òg vera i hokjønnsforma, la istadenfor el (som er hannkjønnsforma). Likevel, mesas står her i fleirtal (pluralis), så me må nytta forma las istadenfor la. Dei to adjektiva, anten dei står som bestemmingsord (det vil seia, rett før eller etter substantivet) eller om dei står som predikativ (etter verbet), må desse òg bøyast i samsvar med substantivet. Grande er eit ord som har lik form i båe kjønna, så til det legg me berre fleirtalsendinga "-s": grandes. Bonito er derimot eit ord som ein bøyer både i kjønn og tal, så forma bonitas samsvarar med mesas.

[endre] Substantivtypar

Substantiv kan ein gruppera i desse kategoriane:

  • Om dei skildrar menneske eller dei fleste husdyra:
    • Substantiv som har ulike former i dei ulike kjønna. Hokjønnsforma lagar ein ved å leggja til a eller å byta ut den siste vokalen med a. Døme: el profesor/la profesora (læraren), el presidente/la presidenta (presidenten), el perro/la perra (hunden/(tispa)).
    • Substantiv som har same form i båe kjønna (på spansk, sustantivos de género común - "substantiv med sams kjønn"). Hokjønnsforma og hannkjønnsforma er identisk: el artista/la artista (artisten), el testigo/la testigo (vitnet), el estudiante/la estudiante (studenten).
    • Substantiv som berre har eitt grammatisk kjønn, uavhengig av kva kjønn dei måtte nemna: el personaje (personlegdom, person), la visita (gjesten).
  • Om de skildrar ville dyr (eller enkelte typar husdyr):
    • Substantiv som har to heilt ulike ord til å nemna dyr av ulike kjønn: el toro/la vaca (oksen/kua), el caballo/la yegua (hingsten/merra).
    • Substantiv som skildrar både hannkjønn og hokjønn. Kjønnet syner ein ved å leggja til orda macho (hann-) eller hembra (ho-). Døme: la jirafa macho (hannsjiraffen), la jirafa hembra (hosjiraffen), el rinoceronte macho (hanneshornet), el rinoceronte hembra (honeshornet).
  • Substantiv som skildrar livlause ting:
    • Hannkjønn (eller maskulinum): el pan (brødet).
    • Hokjønn (eller femininum): la leche (mjølka).
    • Substantiv der somme nyttar hannkjønn, medan andre nyttar hokjønn (kallast sustantivos ambiguos på spansk). Båe kjønn er godtekne: Internet (internett), red (nett), linde (grense) og azúcar (sukker). Mar (hav) er eit særdøme. Det står vanlegvis i hannkjønn, men i poesien og på sjømannsmål er det eit hokjønnsord. Arte (kunst) står vanlegvis i hannkjønn i eintal, men er ofte eit hokjønnsord i fleirtal.
    • I somme døme har det same ordet ulik tyding etter kva kjønn det står i, som el capital (kapitalen) og la capital (hovudstaden).

(Legg merke til at substantiv som endar på -e og som viser til personar nokre gonger kan skifta ending, som presidente/a (president), medan andre står uendra, til dømes estudiante (student). Som ein tommelfingerregel (med mange unntak) kan ein seia at substantiv som viser til stillingar som tradisjonelt har vore dominert av menn, ofte kan skifta ending.)

[endre] Å slå fast kjønnet etter endingane

Nesten alle substantiv som endar på -o er maskuline. Eit av dei få unntaka er ordet mano ("hand"). Substantiv som sluttar på -a er vanlegvis feminine. Substantiv som sluttar på andre vokalar og konsonantar er nokre gonger hannkjønnsord, og andre gonger hokjønnsord. Spesielt mange vanlege endingar er feminine, som -ción, -dad, -ez (som i orda la nación (nasjonen), la soledad (einsemda), la vejez (alderdommen).

Ei lita gruppe av ord som er av gresk opphav og som endar på -ma er hannkjønnsord: problema (problem), lema (lemma, motto), tema (tema, emne), sistema (system), telegrama (telegram) osv. Grunnen til at desse orda som sluttar på -a er hannkjønnsord, er at dei også var hannkjønnsord på gresk.

Eit utanlandsk lånord kan:

  • Ta kjønnet det hadde i opphavsspråket (slik som i dømet ovanfor), og ein reknar inkjekjønn som hannkjønn. Slik er det òg ofte med ord av engelsk opphav, som jo ikkke har noko kjønn.
  • Ta kjønnet det ser ut til å ha (til dømes la Coca-Cola av di det endar på -a)
  • Ta kjønnet til det ordet i det spanske språket som ligg nærast (til dømes la Guinness av di det er ei form for la cerveza (ølet))

[endre] Kjønnet til egennamn

[endre] Namn på personar

Namn på personar samsvarar med kjønnet til personen, sjøl om namnet ser ut til å vera av det motsette kjønnet:

  • Chema es guapo
  • Amparo es guapa

[endre] Namn på busetnader

Valet av kjønn varierer. En kan velja å sjå det på tre ulike måtar:

  • Dei er hokjønnsord om dei endar på -a, elles er dei hannkjønnsord:
    • la Barcelona de Gaudí
    • el Londres de Dickens
  • Dei vert bøygde etter eit tenkt ord, el pueblo (landsbyen, bygda) eller la ciudad (byen, tettstaden):
    • Nueva York (by)
    • la antigua Cartago (by)
    • Fraga es pequeño (landsby)
  • Dei er alltid hannkjønnsord: (denne bruken kan for mange synast gal)
    • Barcelona no es pequeño
    • Londres no es pequeño

I døme New York, er Nueva ein fast del av namnet og ein kan difor ikkje gjera han maskulin, medan New Mexico vert omsett med Nuevo México av di México er eit hannkjønnsord.

[endre] Elvar

Elvar er hannkjønnsord av di ordet som ligg til grunn, río (elv) er eit hannkjønnsord, men lokalt kan somme elvar reknast som hokjønnsord. Døme:

  • el [río de la] Plata
  • el [río] Támesis (Themsen)
  • el [río] Tajo
  • el [río] Colorado (Coloradoelva)
  • el [río] Cinca / la Cinca (i dei aragonesiske Pyreneane)

[endre] Diminutiv og suffiks

Ein kan laga spanske substantiv ved å leggja til eit omfattande sett av suffiks (endingar) til eksisterande substantiv og adjektiv.

Diminutiv (minskingsord) er eit døme på ei gruppe av suffiks. De uttrykkjer "småleik". Det vanlegaste spanske diminutivet er -it. Det føyer ein inn mellom substantivstamma og sluttvokalen:

  • plantaplantita (plante → liten plante)
  • vasovasito (glas → lite glas)
  • niñoniñito (gut → smågut)

Når ordet endar på ein -n, vert -it- til -cit-. Deretter følgjer vokalane -a (dersom det er eit hokjønnsord) eller -o (dersom det er eit hannkjønnsord):

  • botónbotoncito
  • CarmenCarmencita

Når stammeordet endar på z, legg me til ein e før -cit- (legg merke til at skrivemåten endrar seg): pezpececito. Når ordet endar på andre vokalar enn n og z, er reglane meir uklåre: azúcarazuquítar eller azuquita.

[endre] Lokale former

Regionale dialektar avgjer ofte valet av diminutivsform, og påverknaden frå andre romanske dialektar kan òg ha mykje å seia. Danna talarar som i formell tale nyttar -ito eller ingen diminutiv i det heile, kan ofte nytta lokale diminutivsvariantar for å verka vennlegare, eller for å "krydra" språket sitt litt.

Så istadenfor standarddiminutivet -ito, kan du møta på:

Ein del gammaldagse former, finn ein til dømes i: burro (esel) → borrico (esel - opphavleg tydde ordet "eit lite esel"), Venecia (Venezia) → Venezuela (Venezuela, eigentleg "lille Venezia").

[endre] =Adjektiv

'Her er det både adjektiv og kropsdeler i fjeset.'

Como eres? = Korleis ser du ut?

Largo= langt rizado=krøllet alta/alto= høg Baja/bajo= lav Morena= mørkhåra Rubio= blond hoyuelos= Smilehull ojos negros= svarte auge ojos azul= blå auge rojo boca= raud mun pelirroja= raudhåra cola de ceballo= hestahale

trenzas= fletter

pelo corto= kort hår pelo liso= stritt hår pelo largo= lang hår

cicatriz= sår

las pecas= fregner


Colores=


amarillo= Gul azul= Grønn Negro= svart Verde= grønn Gris= grå Rojo= raud marron= brun blanco= kvit rosa= rosa lila= lilla naranja= oransje og appelsin

[endre] Determinativ

[endre] Pronomen

[endre] Preposisjonar

[endre] Anna

[endre] Lokale variantar

[endre] Ekstern lenkje

[endre] Referansar

Static Wikipedia 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2007 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2006 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu