Stuttgart
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stuttgart er hovudstad i den tyske delstaten Baden-Württemberg, sørvest i Tyskland. Byen har kring 590 000 innbyggjarar (2003). Stuttgart er eit viktig knutepunkt for jarnvegar og motorvegar, Byen har òg ei viktig hamn ved elva Neckar.
Byen er velkjend for sine mange høgteknologiske føretak. Stuttgart er ein av dei viktigaste og rikaste byane sør i Tyskland.
Stuttgartregionen har størst tettleik i Tyskland når det gjeld vitskaplege, akademiske og forskingsretta arbeidsplassar. I byen finst det to universitet, åtte faghøgskular, to Max-Planck-institutt og eit tal andre forskingsinstitutt.
Stuttgart, som er hovudsete for Porsche og DaimlerChrysler, vert sedd på som ein av fire bil-hovudstader i verda. Dei andre er Toyota i Japan, Detroit i USA og Torino i Italia.
[endre] Folk med tilknyting til Stuttgart
- Robert Bosch
- Manfred Rommel
- Berthold Schenk von Stauffenberg