Tyngdebølgje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
![Atmosfæriske tyngdebølgjer sett frå verdsrommet. [1]](../../../upload/shared/thumb/9/95/GravityWaves_ArabianSea.MODIS.2005may23.jpg/180px-GravityWaves_ArabianSea.MODIS.2005may23.jpg)
Tyngdebølgjer er i væskedynamikk ei bølgje i ei væske eller i grenseflata mellom to medium (t.d. atmosfæren og havet) der tyngdekraft eller oppdrift er den gjenopprettande krafta.
Når ein væskepakke blir forskyvd på ei grenseflate eller internt i område med forskjellig tettleik, vil tyngdekrafta trekke pakken tilbake til likevekt, noko som fører til ei svinging om likvektspunktet. Tyngdebølgjer mellom luft-sjø grenseflata blir kalla overflate tyngdebølgjer eller overflatebølgjer, medan interne tyngdebølgjer vert kalla interne bølgjer. Havbølgjer eller tsunamiar er døme på tyngdebølgjer.
[endre] Atmosfærisk dynamikk
Sidan ei væske er eit kontinuerleg medium vil ei forstyrring forflytte seg i væska. I jordatmosfæren blir momentum flytta frå troposfæren til mesosfæren ved hjelp av tyngdebølgjer. Tyngdebølgjer oppstår i troposfæren i samband med frontsystem eller når luft strøymer over fjell. I starten vil bølgjene forplante seg gjennom atmosfæren utan at den midla farten blir endra. Men når bølgjene kjem opp i tynnare luft i høgda aukar amplituden deira og ikkje-lineære effektar får bølgjene til å bryte, noko som overfører momentum til den midla luftstraumen. Denne prosessen spelar ei viktig rolle for dei dynamiske prosessane i midlare områder av atmosfæren.
[endre] Referansar
- Dr. Steven Koch, Hugh D. Cobb, III and Neil A. Stuart, "Notes on Gravity Waves - Operational Forecasting and Detection of Gravity Waves Weather and Forecasting". NOAA, Eastern Region Site Server.
- Gill, A. E., "Gravity wave". Atmosphere Ocean Dynamics, Academic Press, 1982.