Vindmølle
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei vindmølle er ein mekanisk innretning omdannar energi frå vinden til bevegelsesenergi. I gamle dagar dreiv ei vindmølle til dømes kvernsteinar på ei kornmølle. I dag vert vindmøllene brukt til å produsere elektrisk kraft, ved at vengene blir sett i bevegelse av vinden, slik at dei driv ein dynamo som produserer straum.
Ei moderne vindmølle er bygd opp av eit høgt fundament, der ein motorboks er påmontert på toppen. Inni motorboksen sit ein elektrisk dynamo, som er kopla til ein girboks som igjen er kopla inn på ein aksel som blir drive rundt av vengene.
Vindmøller byrjar å bli utbreidd i bruk i dag fordi dei er miljøvenlege og gjev relativt billig energi. Særleg i Danmark gjer ein stor bruk av vindmøller. Det vert òg diskutert ei større utbyggjing av vindmøller i Noreg.
Ulempa med vindmøller er at dei berre er effektive der det blæs mykje heile året. Det er derfor begrensa kor dei kan plasserast. Dessutan har dei vist seg å vere eit problem ved at dei drep mange havørner der dei er plassert langs den norske kysten.