Belmopan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Regjeringsbygget i Belmopan | |
Kallenamn «Hagebyen» |
|
Motto «City of Promise» |
|
Lokalisering | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Distrikt |
Belize Cayo |
Grunnlagd | 1970 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
km² |
Innbyggjarar - By (2006) |
14 590 |
Koordinatar | 17°15′5″N, 88°46′1″W |
Høgd over havet | 76 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CST (UTC-6) CDT (UTC-5) |
Diverse annan informasjon | |
Heimeside: www.belize.gov.bz |
Belmopan er hovudstad i Belize og har eit folketal på nesten 15 000. Byen ligg 76 meter over havet og sentralt i landet, like aust for Belizeelva. Belmopan ligg òg 80 km inn i landet frå den tidlegare hovudstaden Belize City, etter at denne byen nesten vart jamna med jorda etter ein orkan i 31. oktober 1961. Regjeringa flytta til Belmopan i 1970, og regjeringsbygget vart bygd med klassisk Maya-arkitektur. Byen vart den gong planlagd for 40 000 innbyggjarar, men det varme og fuktige klimaet har halde mange innbyggjarar unna. På grunn av dette er Belmopan ein av dei minste hovudstadane i verda.