Bengtskär
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bengtskär | |
---|---|
Bengtskär fyr er ein populær turistattraksjon. |
|
Geografi | |
Stad | Austersjøen |
Koordinatar | |
Administrasjon | |
Land | Finland |
Kommune | Dragsfjärd |
Bengtskär er eit skjer 25 km sørvest for Hangö i Finland, og er ein del av kommunen Dragsfjärd. Skjeret er den sørlegaste busette staden i Finland, og ein kan kome her med båt frå landsbyen Kasnäs.
Fyret på skjeret er det høgaste i Norden med 52 meter. Det vart bygd i 1906, og etter at det forfalt i 1980-åra, vart det opna på ny i 1995, som det første fyrmuseet i Finland. [1]
Fyret vart bombardert under både den første og den andre verdskrigen.