Bokkveite
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bokkveite |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Bokkveite |
||||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||||
|
||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||
Fagopyrum esculentum Moench |
Bokkveite (Fagopyrum esculentum) er ein eittårig urt i slireknefamilien. Trass i namnet, er bokkveite ikkje nært i slekt med kveite. Faktisk er det ikkje eit kornslag i det heile teke, men ei nøtt, og dessutan ein fjern slektning av rabarbra.
Gryna (frøa) vert brukte i matlaging, anten heile eller som mjøl. Heil bokkveite kan kokast som ris eller graut. Korna får ein grautliknande konsistens under kokinga. Den bør dekstrinerast før den vert kokt som ris. Bokkveitemjøl vert m.a. brukt i galettar (franske matpannekaker).
Bokkveite veks vilt i Sibir. Den har eit høgt innhald av aminosyra lysin og mykje organisk bunde kalsium, jern, kalium, magnesium, kisel og fluor. Bokkveite er lett fordøyeleg og veleigna som diettmat. Bokkveite inneheld ikkje gluten.
Ein del menneske er allergiske mot fargestoffet fagopyrin, som finst i ytterskalet til bokkveiten. Ein kan fjerne fagopyrinen ved å skylle bokkveiten med kokt vatn.