Claas
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Claas KGaA mbH er eit tysk landbruksmaskinprodusent, med hovudkontor i den tyske byen Harsewinkel i Nordrhein-Westfalen.
Innhaldsliste |
[endre] Generelt
Firmaet vart grunnlagt i 1913 av August Claas, in Clarholz i Westfalen, og sel i dag produkta sine i om lag 140 land. Claas er fyrst og fremst kjent som produsent av innhaustingsmaskiner: skurtreskjarar, høypresser, slåmaskinar, høyvendarar og sjølvgåande forhakker.
Class er verdas største produsenten av forhakker og europeisk marknadsleiar innan skurtreskjarar. I 2003 tok Claas over den franske traktorprodusenten Renault Agriculture, og verksemda produserer i dag eit stort utvalg av landbrukstraktorar.
I 2005 hadde Class 8 134 tilsette og ei omsetjing på 2175,3 millionar euro, med ei forteneste (før skatt) på 86,4 millionar euro.
[endre] Historie
- 1913: Claas vart grunnlagt av August Claas i Clarholz i Westfalen.
- 1914: August, Bernhard og Franz Claas grunnla firmaet «Gebr. Claas».
- 1930: Det vart sett i gong utvikling av den fyrste skurtreskjaren tilpassa europeiske tilhøve.
- 1936: Claas starta produksjon av den fyrste skurtreskjaren.
- 1937: Serieproduksjon av slepetrøskarar.
- 1953: Konstruksjon av den fyrste sjølvgåande skurtreskjaren.
- 1973: Class synte fram den fyrste sjølvkøyrande forhakkaren.
- 1995: Introduksjon av stortrøskaren «Lexion», som med ein kapasitet på 40 tonn per time var verda største skurtreskjar.
- 2002: Største omsetjing i firmaet si historie.
- 2003: Skurtreskjar nr 400.000 forlét samlebandet den 11. februar.
- 2003: Class tok over den franske traktorprodusenten Renault Agriculture (som var ein del av firmaet Renault).
- 2006: Claas lanserte Lexion 600, og hadde dermed på nytt verdas størse skurtreskjar på programmet.
[endre] Produkt
[endre] Traktorar
- Nectis: 54 99 hp
- Celtis: 72 - 100 hp
- Ares 500: 100 - 120 hp
- Ares 600: 110 - 140 hp
- Ares 800: 158 - 193 hp
- Altes: 226 - 275 hp
- Xerion Saddle Trac: 305 hp
- Xerion Trac: 305 hp
[endre] Skurtreskjarar
- Dominator
- Medion
- Mega
- Lexicon 560-510
- Lexicon 580-570
- Lexicon 600
[endre] Haustarar
- Grashaustarar: Jaguar
- Slåmaskiner: Disco, Corto, Cougar
- Lastarar
- Høypresser
- Teleskoplastarar