Dili
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dili er namnet på hovudstaden i landet Aust-Timor. Han ligg på nordkysten av øya Timor, og har geografiske koordinatar 8° 34' S 125° 34' E (-8,5667, 125,5667).
Dili blei etablert i 1520 av portugiske kolonibyggarar, og gjort til hovudstad i Portugisisk Timor i 1596. I 1999 blei han i stor grad ødelagt under frigjøringskampen. Byen husar 150 000 av dei 800 000 innbyggjarane i Aust-Timor, og er den viktigaste hamnebyen, flyplassbasen og det viktigaste handelssenteret i landet.