Eidsbugarden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eidsbugarden ligg 1 060 meter over havet i vestenden av innsjøen Bygdin i Jotunheimen og er eit ynda utgangspunkt for fjellturistar.
I 1959 vart ei minnestøtte reist på Eidsbugarden til minne om den norske diktaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje, som bygde den fyrste hytta på Eidsbugarden i 1868. Denne hytta var også utgangspunktet for Eidsbugarden Turisthotell, som gjenåpnes sumaren 2006 etter oppussing.
Ved sidan av hotellet ligg DNT-hytta Fondsbu på Eidsbugarden, som har over 9000 årlege overnattingar (2005). Det er også omlag 160 private hytter på Eidsbugarden.
RV252 går inn til Eidsbugarden frå RV53 mellom Tyin og Årdal på sumarstid, medan turistar og hyttefolk blir frakta inn på wieseler (beltebiler) og snøskuter på vinterstid.
Festivalen Vinjerock, med fleire kjende rockeartistar, blir halden på Eidsbugarden i august kvart år.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Eidsbugarden i webkamera (Tjeneste fra AS Jotunheimen og Valdresruten Bilselskap)
- Meteorologiske data for Eidsbugarden (Tjeneste fra AS Jotunheimen og Valdresruten Bilselskap)
- Eidsbugarden Velforening
- Vinjerock