Garri Kasparov
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Garri Kimovitsj Kasparov (russisk, Га́рри Ки́мович Каспа́ров), (fødd 13. april 1963) er ein russisk sjakkspelar. Han er regjerande verdsmeistar sidan 1985, då han sigra over Anatolij Karpov. Karpov freista både i 1986 og 1987 å ta tilbake tittelen, men mislukkast.
Garri Kasparov har lenge vore politisk engasjert. I 1984 vart han medlem i det sovjetiske kommunistpartiet men melde seg ut i 1990, og var med på å stifta Russlands Demokratiske Parti. Han støtta valgkampen til Boris Jeltsin i 1996. Han er no ein profilert motstandar av president Vladimir Putin. Han er leiar for Komité 2008: Fritt Val, og ein av leiarane for Den All-Russiske Borgarkongressen "For Demokrati, Mot Diktatur"
Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over idrettsspirer. |