Gaukesyre
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gaukesyre |
||
Systematikk | ||
Rike: | Plantae | |
Klasse: | Magnoliopsida | |
Orden: | Oxalidales | |
Familie: | Oxalidaceae | |
Slekt: | Oxalis | |
Art: | O. acetosella | |
Vitskapleg namn | ||
Oxalis acetosella | ||
Linné |
Gaukesyre eller gauksyre ( lat. Oxalis acetosella) er ein skogplante med tre-kopla blad og fem kronblader i blomsten. Han blir mellom 5 og 10 cm høg, med blad og blomsterskaft frå ein krypande jordstengel.
Blomstene er kvite med rosa årer, 8 til 12 mm store. Ein kan òg finne rosa og rødlilla blomster. Blad og blomster har tydeleg rørsler i høve til lys og temperatur, m.a. opnar blomsten seg og rettar seg etter sola. Frøkapselen er om lag 3 mm store og grøn-kvite.
Gaukesyra lev i bar- og lauvskog kor han treng skugge, fukt og god mold. Han blomstrar i tida april-juni og blomstene er kleistogame. Veks over det meste av Europa og i delar av Asia. I Noreg nord til Tromsøysund og Kåfjord. Han finst òg i mellom- og sør-Sverige og Finland, dessutan i heile Danmark og Færøyane og i eit lite område i østre Island.
Blada har ein frisk syrleg smak, grunna oksalsyre.
[endre] Kjelder
- Johannes Lid: Norsk og svensk flora. Oslo, 1974.
- Sune og Stina Jonsson: Villblomster. Markens urter i bilder og tekst. Oslo, 1980.
- Harsyra på Svensk wikipedia