Gausdal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 0522 |
Fylke: | Oppland |
Administrasjonssenter: | Segalstad bru |
Flatevidd: | 1 189 km² |
Folketal: | 6 202 (2006) |
Målform: | Nøytral |
Internettside: | www.gausdal.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Olav Olstad (Sp) |
Gausdal er ein kommune i Oppland. Han grenser i nord til Sør-Fron, i nordaust til Ringebu, i aust til Øyer og Lillehammer, i sør til Nordre Land, og i sørvest til Nord-Aurdal og Øystre Slidre. Kommunevåpenet er ein trappeformasjon av sølv og blått og viser fjellformasjonar som er typiske i kommunen. Namnet Gausdal kjem frå norrønt: «Gausdalr», av elvenavnet Gausa som tyder «stri straum, foss».
Gausdal kommune vart oppretta i 1962 da Østre Gausdal og Vestre Gausdal vart slegne saman til ein ny kommune. Administrasjonssenteret i kommunen er Segalstad bru og størstedelen av bosetningen ligg innan ein 10 kilometer radius.
Trevareindustri, landbruk og reiseliv er dei viktigaste næringane. På 1800 talet var det utvinning av nikkel i Espedalen.
[endre] Verdt å sjå i Gausdal kommune
- Aulestad
- Helvete i Espedalen
- Østre Gausdal kyrkje
- Ormtjernkampen nasjonalpark
|