Gråmåse
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gråmåse |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
![]() |
||||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||||
|
Gråmåse (Larus argentatus) er ein fugl i måsefamilien. Gråmåsen vert ogso kalla for blåmåse. Arten er jaktbar.
[endre] Kjenneteikn
Dei vaksne fuglane har gråblå overside, medan resten av kroppen er kvit. Ungfugl er meir brunfarga. Beina er kjøttfarga og med symjeføter. Dei har store spisse vengjer og flyt lett. Kjønna er like. Gråmåsen er i vaksen alder opptil 56 cm og veg omlag 1,1 kg.
[endre] Utbreiing
Gråmåsen finst langs heile kysten. Han hekkar fyrst og fremst langs kysten, men ogso ved Mjøsa og enkelte innlandsvatn i Finnmark.