Granmeis
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Granmeis |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
![]() Foto: Marek Szczepanek. |
||||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||||
|
||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||
Parus montanus Conrad von Baldenstein, 1827 |
Granmeis (latin Parus montanus) er ein fugl i meisefamilien.
Innhaldsliste |
[endre] Kjenneteikn
Granmeis er rundt 12 cm lang og veg 11-14g. Fargen på fuglen er svart, kvit og grå. Er du veldig god på fuglar, klarar du å skilje ho frå lauvmeisa. Oversida på granmeisa er grå (lauvmeisa er litt meir einsfarga brun) med lys stripe på venga. Ei svart hette og lysande, kvite kinn. Flekken på strupen er større enn på lauvmeisa. Det er uvanleg at ho er større enn granmeisa.
[endre] Utbreiing
Granmeisa ser du mest i skogen, og du kan sjå ho over heile landet; særleg i barskog, blandingsskog og lauvskog. Ho er vanleg også i alpin bjørkeskog med småvokse tre.
[endre] Forplanting
Granmeisa hakkar gjerne ut si eiga reirgrop i tre. Dei fleste andre meisene gjer ikkje det. Granmeispara leiter allereie i mars og april etter eit dødt tre eller ein stubbe. Dei hakkar gjerne ut eit nytt hol til reir kvart år, men dei kan bruke gamle hol frå andre meiser eller spettefuglar. Reir som er fylt med spon kan bli brukt. Utsjånaden på reiret skil den frå andre meiser, fordi granmeisa har hår og nokre fjør men manglar mose som reirmateriale. Granmeisa legg 7–8 egg i mai, og dei blir ruga av hoa i 14–15 dagar. Ungane forlet reiret allereie etter 17–19 dagar og blir mata i fleire veker av foreldra etter at dei har forlet reiret sitt.
[endre] Næring
Om sommaren et fuglane insekt og edderkoppar og om vinteren et dei frø, spesielt av bartre, og einer. Granmeisa er svært vanleg på fuglebrettet, der ho tek solsikkefrø.
[endre] Tilhaldsstad
Granmeisa er ein standfugl som held seg nær eit merka område. Ungfuglane streifar noko omkring i det området. Granmeisa opptrer om vinteren i meiseflokkar på 2–4 svartmeiser, 2 toppmeiser, 3–4 granmeiser, 3–5 fuglekongar og 1 trekrypar. Som regel består granmeisflokken av vaksne par som held seg innanfor området sitt.