Hamas
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hamas, akronym for Harakat al-Muqawamah al-Islamiyyah (arabisk for Islamsk motstandsrørsle) er ein palestinsk islamistisk paramilitær og politisk organisasjon. Rørsla held hovudsakleg til på Gazastripa, men opererer óg på Vestbredda.
Gruppa har stått bak fleire valdelege aksjonar mot hovudsakleg israelske mål, både sjølvmordsbombarar mot menneskemengdar og rakettåtak mot militære mål i Israel. Ho blir derfor sett på som ein terroristorganisasjon av ei rekke land. Blant palestinarar er Hamas óg kjent for velferdsarbeid blant dei fattige.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Hamas blei grunnlagd av Ahmad Yassin og Mohammad Taha seint i 1987 som ei militant grein av Det muslimske brorskapet. Målet med gruppa var å utsletta Israel og oppretta ein islamsk stat for palestinarane.
Sjeik Ahmad Yassin blei drepen av israelsk militære i mars 2004. I april same året blei den nye hamasleiaren Abd al-Aziz al-Rantissi utsett for eit israelsk helikopteråtak i Gaza, og døydde seinare av skadene. Namnet til den nye leiaren blei halde hemmeleg av tryggleiksgrunnar, men israelsk etteretning meiner Mahmoud al-Zahar blei leiar etter al-Rantissi.
[endre] Ideologi
Hamas-charteret frå august 1988 erklærte heile Palestina som eit muslimsk land som aldri kan tilhøyra ikkje-muslimar. Dette charteret går sterkt ut mot sionismen, og nemner mellom anna Sions vises protokollar som om dei var ekte.
Før valet i dei palestinske sjølvstyreområda i januar 2006 la Hamas fram eit valprogram der det var hint om at målet deira ikkje lenger var å utsletta Israel. Med dette kunne det sjå ut som Hamas nærma seg det meir moderate Fatah-partiet i dette spørsmålet.