Havhest
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Havhest |
||
Systematikk | ||
Rike: | dyr | |
Rekke: | virveldyr | |
Klasse: | fuglar | |
Orden: | stormfuglar | |
Familie: | eigentlege stormfuglar | |
Slekt: | Fulmarus |
Havhest er ein stormfugl som hekkar i Noreg. Dei liknar på måker, men er ikkje i nært slektskap med dei. Havhesten er ca. 48 cm lang, veg ca. 750 g og har eit vingespenn på 101–117 cm. Den nært beslekta sørhavhesten er litt større og har eit vingespenn på 115–120 cm.
Havhesten lever av fisk og fiskeslo. Fuglane flyg ute over havet mesteparten av tida, bortsett frå i hekketida.
Talet på havhesta aukte i føre hundreåret, men er nå synkande. Moglege forklaringar er klimaendringar og mindre tilgang på fiskeslo frå kommersielt fiske.
[endre] Levevis
Som andre stormfuglar har havhestane avgrensa gange, men er sterke flygarar med eit breidt vingespenn, og stive vingeslag, som er heilt ulike måkane sitt. Havhestane ser kraftige ut i høve til måkane, og har korte, tjukke nebb.
Dei hekker i fjellhyller og legger eitt kvitt egg, som deo ruger på i 55–57 dagar. Som forsvar mot trugande rovfugl kan ungane kasta opp ei illeluktande olje mange meter. Luktolja vil matte fjørdrakten til rovfuglane, og kan føra til at dei døyr.