Johann Sebastian Bach
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johann Sebastian Bach (21. mars 1685–28. juli 1750) var ein tysk komponist og organist. Han vert av mange rekna som ein av dei største komponistane nokon gong, men i samtida var han best kjent som ein stor orgel- og cembalovirtuos.
Innhaldsliste |
[endre] Livsskildring
[endre] Oppvekst
Bach var fødd i Eisenach i Thüringen. Mora, Elisabeth Lämmerhirt, døydde då han var åtte år gamal, og året etter døydde faren Johann Ambrosius Bach. Dette gjorde at Bach flytta til den eldre broren Johann Christoph Bach, som var organist i Ohrdruf og hadde studert med Johann Pachelbel i Erfurt. Her byrja Bach for alvor å utvikla seg som organist, og han lærte òg mykje om orgelbyggjing. Frå 1700 til 1702 gjekk Bach på latinskulen Michaelisschule i Lüneburg, der han møtte den store organisten Georg Böhm, som fekk stor påverknad på han. Denne påverknaden er særleg tydeleg i koralpartitaene BWV 766-770.
[endre] Arnstadt og Mühlhausen
Etter eit kort opphald som fiolinist hjå hertug Johann Ernst av Sachsen-Weimar, fekk Bach i 1703 organistjobben i Neue Kirche (no Bachkirche) i Arnstadt. For å treffa den vidgjetne organisten Dietrich Buxtehude i Lübeck fekk Bach i 1705 fire veker fri, men han kom ikkje attende til Arnstadt før fire månader hadde gått. Soknerådet var misnøgde med Bach, av di han «laga mange rare variasjonar på salmane og blanda inn mange underlege lydar». Dette hindra ikkje at det gjekk gjetord om Bach sitt orgelspel, og etter prøvespel i påska 1707 fekk han organistjobben i Blasiuskirche i Mühlhausen, der han hadde ei nøkkelrolle under byggjinga av Friedrich Wender sitt nye orgel.
17. oktober 1707 gifte Bach seg med si kusine Maria Barbara Bach i Dornheim-kyrkja. Dei to eldste sønene deira, Wilhelm Friedemann Bach og Carl Phillip Emanuel Bach vart båe særs kjende musikarar.
Det vidkjende orgelverket Toccata og fuge i d-moll vart, i følgje somme forskarar, skriven i Arnstadt eller Mühlhausen. Elles er størsteparten av verka frå denne tida gått tapt.
[endre] Weimar
I 1708 vart Bach utnemnd til hofforganist og konsertmeister i Weimar. Hertug Wilhelm Ernst gav han rikeleg med høve til å utvikla seg som komponist og organist.
[endre] Sjå òg
[endre] Bakgrunnsstoff
![]() |
Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over musikkspirer. |