Kirsten Flagstad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kirsten Malfrid Flagstad (12. juli 1895–7. desember 1962) var ein norsk dramatisk sopran, og ein av dei internasjonalt mest kjende norske kvinnene på si tid.
Flagstad vart fødd på Hamar, men voks opp i Oslo. Faren var dirigent, og mora songlærar og pianist. Ho vart den fyrste læraren til Kirsten. Seinare studerte Kirsten under Ellen Schyte-Jacobsen i Oslo og under dr. Gillis Bratt i Stockholm.
Ho vart særleg berømt for tolkingane sine av Richard Wagner sin musikk. Flagstad var engasjert ved Wagnerfestspela i Bayreuth frå 1933 til 1934, og var deretter fast ved Metropolitan-operaen i New York frå 1935 til 1941, då ho reiste heim til Noreg, og igjen i perioden 1949–52. Tolkingane hennar av kvinnene i operalitteraturen, ikkje minst i Wagner sin musikk, sette djupe spor, redda økonomien til Metropolitan-operaen og gav henne ein berømmelse som varer.
Ho var den fyrste sjefen for Den Norske Opera i perioden 1958–60.
Flagstad debuterte på Nationaltheateret i 1913 som «Nuri» i Tiefland. Då Opera Comique opna i 1918, gjorde ho mange ulike roller der. Då dei la ned drifta i 1921 song ho på Casino, Mayol og Nationaltheateret. Etter det kom nokre år i Gøteborg, Brussel og Bayreuth, før debuten på «The Met» i 1935.
Kirsten Flagstad døydde i Oslo, 67 år gammel. Ho er avbileta på den norske hundrekronersetelen og har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.