Kongsberg Gruppen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kongsberg Gruppen ASA (KOG) er eit norsk selskap som utvilar og produserer sivilt og militært høgteknologisk utstyr. KOG har verksemder på 40 plassar, i 24 forskjellige land. Selskapet har tilsaman rundt 4000 tilsette. Av desse er om lag 900 tilsette i Noreg. KOG er sett saman av to driftselskap: Kongsberg Defence & Aerospace (KDA) og Kongsberg Maritime (KM), begge med hovudkontor i Kongeberg.
KDA produserer militært utstyr og romsystem, medan KM utviklar og produserer avansert maritimt elektronisk utstyr, som vert nytta i fiskebåtar, forsyningsskip, boreskip, tankskip og fritidsbåtar.
[endre] Histori
KOG har røter tilbake til 1814, då Kongsberg Vaabenfabrik (KV) vart stifta. Føremålet med selskapet var å produsera våpen til det norske militæret. Fram til 1948 var KV eit statseigd selskap, under Forsvarsdepartementet. Etter dette vart KV omorganisert som eit statsaksjeselskap.
I 1974 stifta KV eit dotterselskap i Kanada, med namnet Kongsberg Mesotech Ltd. Føremålet med dette selskapet var å produsera undervassovervåkingssystem.
I 1987 vart selskapet omstrukturert og alle sivile avdelingar vart skilde ut som eigne selskap. Det som var att av KV fekk namnet Norsk Forsvarsteknologi (NFT).
I 1996 vart selskapet notert på Oslo Børs og namnet vart endra til Kongsberg Gruppen ASA.
[endre] Eksterne lenkjer
- Heimesida til Kongsberg Gruppen ASA
- Heimesida til Kongsberg Defence & Aerospace
- Heimesida til Kongsberg Maritime
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |