Kristofer Lehmkuhl
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristofer Didrik Lehmkuhl (26. september 1855-1949) var ein kjent forretningsmann og politikar frå Bergen.
Lemkuhl sat mellom anna som arbeidsminister i Christian Michelsen si regjering i frå 11. mars 1905 til 28. september 1907. I perioden 1908 til 1936 var han direktør for Det Bergenske Dampskipsselskap.
Han har fått seglskuta Statsraad Lehmkuhl oppkalt etter seg.
Lehmkuhl var ein av dei ivrigaste forkjemparane for opprettinga av Norges Handelshøyskole, og det står ein statue av han ved NHH.