Kumlokk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit kumlokk er eit deksel over ein kum eller anna holrom under bakkenivå. Kumlokk er oftast laga av støypejarn, men finst òg i stål og betong. Dei er som oftast runde, rektangulære og kvadratiske finst òg. Støypejarnslokka er glatte i regnvær og har difor eit mønster i overflata. Mange stader er dette spesielt for området der dei ligg.
Etter norsk standard skal eit kumlokk tåla 40 tonn.