Kystbergknapp
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kystbergknapp (Sedum anglicum) er ei plante i bergknappfamilien.
Kystbergknappen blir 2-7 cm høg og veks i matter. Blada er blågrøne og eggforma, og blir 2-4 mm stor. Når kystbergknappen blir eksponert for mykje sol vil både blada og stengel bli raudleg, det er ein beskyttelsesmekanisme mot for mye sol til cellane der fotosyntesen foregår. Som de fleiste bergknappar har kystbergknappen 5 kronblad. Kronblada er spisse og er bleikrosa eller kvit med raudlege prikkar. Kystbergknappen blomar i juni-juli.
Planta kan forvekslas med kvit bergknapp, men kronblada hos kvit bergknapp er butte og reint kvite. Dessuten veks ikkje planta i matter slik som kystbergknapp. Utan blomar er det vanskeleg å skilje mellom kystbergknapp og bitterbergknapp, men hos bitterbergknapp er blada breiast nederst i motsetnad til kystbergknappen der blada er breiast på midten.
I Noreg er planta ganske vanleg nord til Nord-Trøndelag, men stort sett kun i ytre delar av kysten.
Kystbergknapp er kommuneblom i Frøya kommune.
![]() |
Denne artikkelen manglar ein taksoboks. Du kan leggja ein til sjølv ved å følga desse retningslinene. |