Landgangsfarty
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit landgangsfarty eller ein landgangsfarkost er eit militært sjøfarty som kan ta seg heilt opp på ei strand for å setja av personell, køyrety eller anna materiell. Dei er mest brukte i amfibisk krigføring, men kan òg ha sivile oppdrag. Den mest kjende typen er dei som vart brukt i invasjonen av Normandie. Dei går under nemninga LCVP, eller Higgins boat, og det er produsert over 20 000 av dei.
![]() |
Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over militærspirer. |