Magnus Marsdal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magnus Engen Marsdal (f. 12. juli 1974) er ein norsk journalist og samfunnsdebattant. I perioden 2005-2006 var han i tillegg leiar for Attac Noreg, tidlegare har han òg vore nestleiar i Raud Ungdom.
I 2004 skreiv han boka Tredje venstre saman med Bendik Wold. Boka har røtter i ungdomskonferansen Manifest02, og forfektar eit individualistisk, demokratisk sosialismesyn som av motstandarar har vorte karakterisert som marsdalisme.