Margrethe II av Danmark
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dronning av Danmark | frå 14. januar 1972 |
Føregjengar | Frederik IX av Danmark |
Etterfylgjar | Kronprins Frederik av Danmark |
Fødd | 16. april 1940 i Amalienborg Slott i København |
Død | |
Gift med | Prins Henrik av Danmark |
Barn |
|
Gravlagd | |
Valspråk | Guds hjælp, folkets kærlighed, Danmarks styrke |
Dronning Margrethe II (Margrethe Alexandrine Þorhildur Ingrid), titulert HM Dronningen (fødd 16. april 1940), har sidan 14. januar 1972 vore regjerande dronning og statssjef i Danmark.
Ho blei fødd i 1940, like etter at tyske styrker hadde invadert Danmark, og var ein stor trøyst for landet. Åra gjekk, utan at foreldra, kronprins Frederik og kronprinsesse Ingrid, fekk ein son som kunne vera tronarving. Den yngre broen til kongen, Knud, var arveprins, og etter han den eldste sonen hans, Ingolf. Folket ville svært gjerne sjå Margrethe på trona.
I ein del år hadde Folketinget vurdert å endra den danske grunnlova, men hadde latt det bli med tanken, ettersom ei endring krevde at 45% av folket med stemmerett skulle stemma for henne. Statsminister Erik Eriksen fekk idéen om å ta kvinneleg arvefølge med i endringa, slik at fleire ville stemma for. Sjølv om stort sett heile Folketinget var for endringa, og trass i den store populariteten til kongehuset, blei endringa bare såvidt vedteken, med 46% deltaking. Tronfølgelova av 1953 førte til at prinsesse Margrethe blei den første i arvefølga.
Margrethe II tilhøyrer fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg.
[endre] Lenkjer ut
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |