Nord-Vågsøy kyrkje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nord-Vågsøy kyrkje ligg på Røysaneset på Raudeberg på øya Vågsøy i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane fylke. Kyrkja er bygd i betong. Ho erstatta Røysakyrkja som brann ned i 1945. Kyrkja er ei langkyrkje i betong og vart vigsla 24. oktober 1960 av biskop Ragnvald Indrebø. Kyrkjeskipet har eit lyst og nokså firkanta preg. Ho har ei rekkje med vindauge høgt oppe på midtveggen, og ei nede langs veggane i sideskipa. Blikkfanget er det fargeglade glasmåleriet over alteret.