Nordvestterritoria
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
![]() |
|
Hovudstad | Yellowknife |
Flatevidd
- Rangering i Canada |
1 346 106 km² 3 |
Folketal (2006) - Rangering i Canada |
41,861 11 |
Grunnlagd | 1870 (Hudson's Bay Company cedes territory to Canada) |
Offisielle språk | Dene suline, cree, engelsk, fransk, gwich’in, inuinnaqtun, inuktitut, inuvialuktun, nord-slavey, sør-slavey, tłįchǫ [1] |
Premierminister Visekonge |
Joe Handley Tony Whitford |
Nettstad | www.gov.nt.ca |
Nordvestterritoria (engelsk Northwest Territories, ofte forkorta NWT; fransk, les Territoires du Nord-Ouest) er eit kanadisk territorium. Det har ei flatevidd på 1 171 918 m², men berre 41 861 (2006). Sidan 1967 har hovudstaden vore Yellowknife.
[endre] Historie
Historia til dette kanadiske territoriet blei til i juni 1870 då Hudson's Bay Company overførte Rupert's Land og North-Western Territory til den kanadiske regjeringa. Denne digre regionen omfatta heile det noverande Canada bortsett frå Britisk Columbia, kysten av dei store sjøane, dalen rundt Saint Lawrence-elva og den sørlege tredjeparten av Quebec, Maritimes, Newfoundland, Labradorkysten og dei arktiske øyane som no er del av landet. Namnet viser til den nordvestre plasseringa i høve til Rupert's Land.
Etter overføringa blei området gradvis forminska ved at det blei skilt ut mindre provinsar. Manitoba blei til i 1870 som ein liten firkant rundt Winnipeg før det blei utvida til dagens provins i 1881. Då Britisk Columbia blei med i den kanadiske konføderasjonen i 1871 var det allereie blitt lova dei delane av Nortdvestterritoria som låg sør for 60 grader nord og vest for 120 grader vest. I 1882 blei Regina territoriehovudstad, men etter at Alberta og Saskatchewan blei provinsar i 1905 blei Regina i staden provinshovudstad i den nylaga Saskatchewan.
Canada: Provinsar og territorium | ![]() |
---|---|
Provinsar: Britisk Columbia · Alberta · Saskatchewan · Manitoba · Ontario · Quebec |
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |